I nærleiken
Kartveit Gjestetun ligg på eit garsbruk med sauer og høner. Radøy, ”den grøne øya” er eit natur- og landbruksområde med høve til gode opplevingar i skog og mark. Der er eit rikt dyre- og fugleliv, og ferskvatn og sjø med gode fiskeplassar. Her kan du finna ro medan borna utforskar naturen og leikar trygt.
KORTE OG LANGE TURLØYPER: Frå huset er det rikelege høve til å gå tur. I huset ligg meir informasjon om turløyper på Radøy. Sjå også Radøy kommunes turforslag.
SJØ OG FERSKVATN: Fiske i båt eller frå land, kanopadling, badeplassar og dykking. Næraste ferskvatn ligg ti minutt å gå frå Gjestetunet. Sjå her for informasjon om fiske.
ANDRE AKTIVITETAR: Riding Manger og i Alversund (Alversund Ridesenter), golf og Lyngheisenteret. Sjå Radøy kommunes oversikt over andre aktivitetar her.
ATTRAKSJONAR: Radøy har mange attraksjonar frå nyare og eldre tid, slik som Tjorehagen, Vestnorsk Utvandringssenter med Emigrantkyrkja, Bogatunet, og øya Fedje er ikkje langt unna. Sjå også Visit Nordhordland og Radøy kommunes heimesidar.
Bergen, 45 minutt unna, byr på kjende turistattraksjonar som Bryggen, Akvariet, Fløibanen og Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Sjå også Visit Bergen.
 
 
Heim Historie For syklistar Huset Prisar Bilete I nærleiken Kvar
Kontakt:
☎ + 47 456 87766
 
 Design: Maria Kartveit, Møterom 4