Gjestehuset er eitt av to hus som står att etter det som var eit klyngetun fram til utskiftinga på 1800-talet. Idéen om klyngetun er no i ferd med å bli revitalisert.
Det var vanleg at hus i ytre delen av Nordhordland vart bygde av tømmer frå indre delen av distriktet. Dette tømmeret var ofte brukt i hus tidlegare, eller det vart montert som hus og så demontert for sal. Tømmeret i dette huset er tydeleg ein del av denne tradisjonen ved at det er nummerert og merka.  

I tillegg kan ein sjå av måten tømmeret er handsama på at det er frå ulike tidsepokar. Det eldste er etter alt å døma frå mellomalderen, ein gong på 1600-talet. Forrige rehabilitering av huset blei gjort på 1940-talet.
Katarinarommet i huset har fått namnet sitt etter St. Katarina som har gjeve namn til staden, Kartveit. Manger kyrkje var vigd til St. Katarina i katolsk tid, og Kartveit har truleg vore ein del av kyrkjegodset. På 1500-talet heitte staden ”Karinethuedt”, og gjennom åra er det blitt til Kartveit. 
I følgje ein annan tradisjon var Katarina ei kvinne som budde her, og som dreiv bureisingsarbeid. 
Sikkert er det at namnet stammar frå ei kvinne som har sett gode spor etter seg. 
Gardsbruket har vore i same familien i alle fall frå 1748. Framleis møtes Kartveit-familien i huset til familietreff, slektstreff, jubileum og feiringar.


Rundt år 1950

Mons Kartveit på 75-års-dagen, og dei ni borna hans. 1947.

Slåtten, 1941. To generasjoner og dreng
Tunets historie
Øverst på biletet: Dei to husa frå klyngetunet.  Nærast: Løebygning
Slåttonn, 1947. Alle med!
Odelsguten. Alle med i slåtten

Slåttonn, 1975

Heim Historie For syklistar Huset Prisar Bilete I nærleiken Kvar
Kontakt:
☎ + 47 456 87766
 
Magnar Kartveit (høgre), Mons Kartveits barnebarn, feirar sin 69-årsdag med bror hans Gunnar (venstre), og tre generasjonar Kartveitar. Oktober, 2015.
Fremtidens Kartveitar: Tre år gamle Ulla
 Design: Maria Kartveit, Møterom 4